Musikk, hjernen og læring!
Me lyttar med hjernen, ikkje med øyrene!
Av Bodil Kvernenes Nørsett
Den forunderlige hjernen har vore tema for årets forskningsdager i 2020. Dei siste åra har gitt oss ny kunnskap om hjernen, likevel er det det organet me veit minst om. Din hjerne er ikkje den samme når du legg deg om kvelden, som når du stod opp samme morgon.
Hjernen er formbar, og programmert til å endre seg som svar på omgjevnadene. Dette blir kalla for nevroplastisitet. Forskarane har no sett at hjernen endrar seg gjennom alle våre leveår både i struktur og funksjon. Slik lærer me heile livet. Evnen hjernen har til å endre seg, er aller størst dei fyrste leveåra. I høg alder går læringa litt seinare, hjernen treng fleire repetisjonar og meir tid, men også i alderdommen gjeld prinsippet om at alt me erfarar, endrar hjernen.
Forskning viser at musikk er noko av det som aktiverer hjernen i stor grad, både ved lytting (persepsjon) og musisering. Den aller høgaste hjerneaktiviteten som er målt hos menneske, er av pianistar som spelar etter notar. Kanskje ikkje overraskande, musikkutøving er ein av dei mest komplekse aktivitetane eit menneske kan foreta seg. Berre sjekk ut kva som skjer:
Pianisten er avhengig av syn for å sjå notane, dei visuelle assosiasjonsområdene i bakhovudet skal tolke inntrykka, områder i parietallappen skal avkode (forstå) betydningen av notane. Frontallappane, premotoriske og motoriske områder i hjernebarken, basalgangliene og lillehjernen er alle aktive i å lage motoriske program som får fingrane til å trykke på rette tangentar og slik produsere musikk. Heile hørselsapparatet er på høggir for å sjekke at musikaren spelar dei rette notane, med rett kraft i anslaget og korrekt varighet slik at lydnivået stemmer. Kvar note blir sjekka opp mot alle samtidige, foregåande og kommande notar i stykket. Alle dei auditive tilbakemeldingane vert brukt til å gje kontinuerleg korreksjon til frontallappane om korleis dei motoriske programma må finjusterast. Samtidig blir dei motoriske programma som styrer kropp og arm og fingrar, justert i musklar, ledd, sener og hud. Desse registrerer kontinuerleg trykk, leddvinkel og kontaktlengde med tangentar, stol og pedal, og sender informasjonen tilbake til hjernen, der den set saman visuell og auditiv informasjon frå dei andre delane av nervesystemet og hjernen. Alt dette skal i sanntid analyserast og setjast saman med tidlegare aktivitet, pågåande spel og framtidig ønska effekt og progresjon i stykket. Denne trafikken med milliarder av nervesignal i sekundet, går opp og ned via ryggmarg, kjerner i hjernestamme og thalamus, vidare til hjernebarken, der signala vert koordinert blant anna i parietallappen (sensoriske signal frå hud, musklar, sener og ledd), tinninglappen (auditive signal), oksipitallappen (for visuelle signal) og frontallappen. Ikkje berre fingrane, men heile kroppen er med for å skape det rette uttrykket.
SAMTIDIG er musikken full av emosjonar. Til det trengs aktivering av det limbiske system, andre emosjonelle område i hjernen, og ikkje minst hukommelsesområdene. Absolutt heile hjernen er i bruk. I tillegg kjem det me kallar for det temporale aspekt: Musikken må koordinerast til ein grunnrytme (taktart og hastighet) som dels må haldast, dels justerast undervegs, for å skape det rette uttrykket. Dette er avhengig av rytmegeneratorar i mellom anna hjernestamma, samt i lillehjernen, som har temporal planlegging som spesialitet.
Om fleire musikarar er involvert, må ei rekkje andre mekanismar involverast, for eksempel speglnevronsystema, som sørgjer for uavlateleg og automatisk spegling og analyse av dei andre sine intensjonar og emosjonar i samspelet. Både sensoriske, motoriske og emosjonelle nettverk er involvert over store deler av hjernen.
Musikk blir skapt i hjernen når me lyttar til musikk. For å lage musikken, må me kople inn musklane for å få utført rørslene som er naudsynte. Dette heilt fantastiske og utrulege samspelet av nevronsignal og muskulatur er eit heilt daglegdags fenomen hjå våre musikkstudentar. Diverre er det ikkje slik at me berre kan lytte til musikk og så kjem det vidunderleg musikk ut når me slår på motorikken. Det er enno eit utal faktorar i sving, og musikalske ferdigheiter må repeterast og bearbeidast for å lærast. Me har alle våre individuelle føresetnader, og dette gjeld også for musikk. Nevrologane Are Brean og Geir Olve Skeie (som også er utdanna pianist) har nyleg skrive boka Musikk og hjernen. Dei har samla saman mange forskningsresultat som viser korleis musikken si kraft påverkar hjernen vår og kva som faktisk skjer der når me spelar, syng og lyttar til musikk.
Effekten av musikk er slåande og individuell. Samstundes har musikk ei heilt unik evne til å samle og forene menneske på ein ordlaus måte, og musikken si kraft varer heile livet ut. Kunnskapen om dette må leverast vidare og utforskast meir, og dette er noko av grunnen til at Ansgar høyskole utdannar unge menneske til å kunne mestre, bruke og formidle musikk til andre. For etter at du har lytta til eit musikkstykke er du ikkje den same som før.
Les meir her: