Rapport frå SPOT- musikkbransjefestival i Århus!
Bransjekunnskap er eit emne på Musikk og musikkproduksjon på Ansgar høyskole der studentane får innføring og kunnskap om korleis musikkbransjen artar seg som arbeidsplass. Me har tidlegare reist til Oslo på By:Larm, men nå i mai var me fyrste gong for å oppleve dansk og nordisk musikk i eit solfylt og vårpynta Århus! Her var bransjeseminar med spanande tema, høve til å knytte internasjonale kontaktar med musikkbransjefolk og altfor mange gøye konsertar å velge i! Ein skikkelig godtepose av ein musikk- og bransjefestival med sjangrar for ein kvar smak. Studentane frå Ansgar høyskole fekk faktisk ei eiga anbefalingsspalte i SPOT-programmet! Me vil tilbake neste år!