Gå til innhold
Læring på mange måtar: prosjektveke!

Læring på mange måtar: prosjektveke!

Tekst og foto: Bodil Kvernenes Nørsett

Musikkavdelinga på Ansgar høyskole set av ei veke i semesteret til prosjektveke. Då set me den vanlege timeplanen til side slik kan me få høve til å jobbe lengre med eit enkelt prosjekt eller tema. I tillegg hyrer me gjerne inn eksterne lære- og inspirasjonskrefter for studentane. I vår var det musikerhelse på agendaen, og tidlegare lærar ved Ansgar og førsteamanuensis ved UiA, Hege Beckmann kom og fortalte om forsking på Musikerhelse, og Margrethe Skogrand gav oss heilt konkrete og praktiske tips om korleis me blant anna kan stable skjelettet vårt på gode måtar for å unngå slitasje og muskelplager som musikarar.  Den siste dagen hadde me fokus på karriere, og hadde invitert Stig Børre Holvik Høydal frå Musikk og helse-bransjen, og Anette Bylund frå musikkbransjen i tillegg til våre eigne musikarar og lærarar Jan Inge Nilsen og Brage Halsnes. Desse fortalte litt om sine yrkesliv, og informerte litt om kva utgangspunkt og yrkeshøve ei musikk-utdanning frå Ansgar høyskole gjev.  

Førsteklasse musikkproduksjon fekk dessutan boltre seg kreativt med ei multimodal prosjektoppgåve. Den skulle ende i ei framføring der dei einaste kriteria var at det skulle vare ca fire minutt, og framføringa skulle innehalde mange kunstneriske element (bilde, lyd, rekvisita, sampling), ikkje berre musikk. Fire flotte prosessresultat vart framført torsdag av førsteklasse:

prosjektveke-1
Gruppe 1 (Steffan Sid, Eliaz Winge Larsen, Maxime Aubin Goldstein og Aurora Jacobsen Nesje) gjorde ein musikalsk improvisasjon over ein redigert animasjonsfilm.
 
prosjektveke-3

Gruppe 2 (Aleksandar Savic, Damjan Josic, Petter Flesvig og Martin Ousdal) hadde laga ein ballade inspirert av eit Metallica-sample med eit kunstnarleg backdrop (på veggen).

prosjektveke-2

Gruppe 3 (Michael Andreas Sørensen, Ingrid Kortner og Jakub Golabek) hadde sett saman ein samfunnskritisk filmcollage til ettertanke med komponert musikk, medan Gruppe 4 (bildet under: Mathias Jensen, Maria Jørgensen og Mona Troland) hadde laga ein musikalsk og gøyal eventyrfilm med lokalt tilsnitt.

prosjektveke-4
 
Andreklasse musikkproduksjon førebudde strykerarrangement som dei skulle spele inn veka etter med musikarar frå Kristiansand Symfoniorkester, og tredjeklasse musikkproduksjon fekk bruke tida til å jobbe med Bacheloroppgåva si.
 

Musikk og helse-studentane deltok alle tre årskulla i eit forskingsprosjekt gjennomført av Gunvor Bøylestad Nilsen. Prosjektet handla om sang og tryggleik, der Nilsen samla inn data til si phd-forsking.

Studentene på musikkproduksjon har sin egen spilleliste på Spotify med utgivelser av egenproduserte låter.

Sjekk ut Ansgarstudentenes utgivelser på Spotify

1spotifylista-med-studentutgivelser---farget

 

Sjekk ut musikkproduksjonsstudiet her