Gå til innhold
Smitte med song

Av Madeleine Hamn, bachelorstudent i Musikk og Helse

Rett før koronapandemien braut ut, jobba eg frivillig som musiker på et omsorgssenter. Senteret bygger på eit heilt nytt konsept når det gjeld å gi omsorg til menneske med demens. Utgangspunktet for tilbodet er at dei som bur der, skal fortsette å leve liva sine slik dei har vore vant til.  Da koronapandemien kom, måtte fleire sjukeheimar rundt om i landet begrense eller stenge ned aktivitetstilbod. Tilboda som var ein viktig arena for sosial kontakt og aktivitet, blei no erstatta med isolasjon og inaktivitet hos bebuarane. Pårørande mista også ein fristad og pusterom i ein ellers krevjande kvardag. Som musikk og helse student såg eg kor stor betyding musikken hadde for livskvaliteten hos bebuarane og deira pårørande. Derfor ville eg prøve å finne ei alternativ løysing for korleis dei kunne forsetje å ta i bruk musikk, tross smitteverntiltak.

Korleis gjekk det eigentleg med dei eldre under pandemien?

I ei spørjeundersøking frå Røde kors kom det fram at eldre menneske var blant dei mest utsette gruppene under koronapandemien. Dei eldre hadde høgare risiko for å bli alvorleg sjuke av koronainfeksjonen, og måtte derfor være endå meir varsame med sosial kontakt, enn dei som var yngre. Dette resulterte i negative konsekvensar for enkeltes helse og trivsel. Når sjukeheimen plutseleg måtte stenge for besøk, måtte demensråka kommunisere med sine kjære gjennom kalde glasvindauger. Dette medførte sjølvsagt ein stor belasting, både for sjukeheimsbebuarane og deira pårørande. No i tida etterpå, er det viktig at både myndigheitane, frivilligheita, og andre gjer det dei kan for å lindre skadane som har oppstått. Spesielt eldre menneske treng rett og slett ein løft, etter det som for mange har vore ei svært tung periode.

Alive inside

Eg har vore inspirert av dokumentarfilmen “Alive inside”, som viser korleis omsorgspersonale tok i bruk headset og mp3-spelarar for å nå inn til menneske med demens. For å få med pårørande brukte dei minijack splitterar, slik at to personar med headset kunne høyre på musikk frå same mp3-spelar. I filmen får vi blant anna møte bebuaren «Henry» som har demens og slit med depresjon. Før Henry får tilgang til musikken sin, er han inneslutta, og har store vanskar med å utrykkje seg verbalt. Men i augneblikket hodetelefonane blir plassert over øyrene hans og musikken blir satt på, er det som at han blir som sitt gamle sjølv igjen. Augene lysar opp, foten slår i takt med rytmen, og songstemma runger gjennom heile omsorgssenteret. I denne korte stunda, kan pårørande også få eit etterlengta og sjeldent møte med familiemedlemmet sitt igjen.  

Kva kan musikklytting gjere for menneske med demens?

Det finst etter kvart mykje forsking på musikkens funksjon for menneske med demens. Music and Memory er eit amerikansk prosjekt der forskarane tok i bruk iPods med personlege spelelister for menneske med demens. Pårørande hjelpte med å velge musikk som bebuarane hadde eit godt forhold til. Målet med programmet var å redusere bruk av medisinar og uønskte bivirkningar som agitasjon, dysregulering av emosjonar og tankeforstyrringar. Studien viste at musikken bidrog til å redusere angst og depresjon, samt auke positive emosjonar hjå bebuarane. Nesten alle pårørande var nøgd eller svært nøgd med programmet og blei oppmuntra av forbetringane i bebuaranes humør.

Støtte frå Solofondet

Inspirert av historia til Henry, bestemte eg meg for at eg ville teste ideen med delt musikklytting. Sidan det har vore mykje negativt fokus på koronasmitte på omsorgssenter, har eg vore interessert i å skape ei anna form for smitte, nemleg ringverknadane av musikkaktivitet. Prosjektet har derfor fått namnet: «Smitte med song».

I byrjinga av 2021 søkte eg støtte til prosjektet gjennom stiftinga Solofondet. I unntaksåret 2020 ville Solofondet dele ut pengar til unge nordmenn som hadde idear som kunne gjere det enklare å leve med ringverkande av koronapandemien. Frå solofondet fekk eg utdelt 4000 kroner, som var meint for å dekke kostnadar for innkjøp av 10 hodetelefonar og 10 minijack-splitterar, samt eit nettbrett. Det vil sei at det er fem bebuarar med demens og deira pårørande som har moglegheit til å bli med i prosjektet med delt musikklytting.

Eg vil utforske effektane av den delte musikklyttinga i mi bacheloroppgåve. Som metode har eg valt intervju og observasjon, for å få eit mest mogleg dekkande bilete av det eg skal forske på. Prosjektet vil forhåpentlegvis ha positiv betyding for dei som deltar. Svaret på det vil vi få i bacheloroppgåva mi som eg skal levere i mai 2022.

 

Kjelder