Gå til innhold
Kven er vurdering eigentleg til for?

Av Bodil Kvernenes Nørsett

Førsteamanuensis musikk
Illustrasjon: Lisa Aisato

I skrivande stund er det april, og eksamenstida for studentar i høgare utdanning er rett rundt hjørnet. For mange studentar er vurdering knytta til stress, press og uro for om ein har lese og øvd på «dei rette tinga». I debatten om eksamensformer, vurderingspress og psykisk helse hjå studentane blir ofte løysinga formulert som betre førebuing hjå studentane. Men kva om problemet ikkje først og fremst ligg der - kva om det er måten me tenkjer kring vurdering på som fortener eit kritisk blikk?

I høgare utdanning vurderer me ofte studentane som om eksamen er målet, ikkje læringa. Vurdering har i stor grad blitt eit system for å sortere, dokumentere og sertifisere, medan utviklinga av studentane si evne til å vurdere eigen kompetanse kjem i bakgrunnen. I Universitets- og høgskole-sektoren har eksamen, vurderingspress og studentane si psykiske helse dei siste åra vore gjenstand for aukande debatt. Mindre merksemd har vore retta mot sjølve føremålet med vurdering.  Det er på tide å spørje om vurderingspraksisen vår faktisk tener studentane, eller fyrst og fremst institusjonane?

I mi doktoravhandling har eg forska på vurdering i høgare populærmusikkutdanning og på korleis vurdering kan opplevast som læring og meistring, ikkje berre som kontroll. Mykje tyder på at dette ikkje berre er relevant for kunst- og profesjonsutdanningar, men for høgare utdanning generelt.  

Vurderingsforskar David Boud peikar på at vurdering i utdanning eigentleg har tre funksjonar. For det fyrste handlar vurdering om stadfesting av læringsutbyte- sertifisering. Studenten skal vise at hen har oppfylt krava i utdanninga og tileigna seg relevante kunnskapar og ferdigheiter. Denne funksjonen står sterkt i høgare utdanning og er tett knytta til eksamen som institusjonell praksis.

For det andre skal gi tilbakemelding som støttar vidare læring. Høgare utdanning skal ikkje berre utdanne for eksamen, men for eit yrkesliv og ei vidare fagleg utvikling. Forsking viser at tilbakemelding kan ha stor betydning for læring, men berre dersom ho er relevant, forståeleg og knytt til konkrete læringssituasjonar.  Ein karakter åleine – anten i form av bokstav, tal eller bestått/ikkje bestått – seier lite om kva studenten faktisk bør arbeide vidare med.

Den tredje funksjonen er kanskje den mest oversette: Vurdering skal utvikle studentane si evne til eigenvurdering. Det hanslar om å kunne forstå kriterium, kjenne att kvalitet, vurdere eige arbeid og bruke tilbakemeldingar aktivt.  Både Boud og den norske vurderingsforskaren Arild Raaheim peikar på at denne delen tradisjonelt har hatt for liten plass i studieplanar og vurderingspraksisar i høgare utdanning.

Mi eiga forsking stadfestar dette biletet. Vurderingspraksis er ofte meir oppteken av å kontrollere enn å utvikle. Studentane møter vurdering som noko som blir gjort av dei, ikkje saman med dei.  Samstundes veit vi at evna til å vurdere eige arbeid er heilt avgjerande for profesjonell praksis og livslang læring, uavhengig av fagfelt.

Når studentane blir meir involverte i vurderingshandlingane, til dømes gjennom arbeid med kriterium, medstudentvurdering og refleksjon rundt kvalitet, kan vurdering bli meir berekraftig. Då flyttar vurdering seg frå å vere berre ein sluttstasjon til å bli ein integrert del av læringsprosessen.

Så kven er eigentleg vurdering til for? Er ho fyrst og fremst eit system for å sortere, rangere, dokumentere og sertifisere, eller eit pedagogisk verkemiddel for å utvikle sjølvstendige, reflekterte og lærande profesjonsutøvarar? Det engelske ordet for vurdering, assessment, kjem frå det latinske assidere – å sitje ved sida av. Kanskje ligg det her eit viktig korrektiv til dagens praksis?

Istaden for å spørje kvifor studentane ikkje er betre førebudde til eksamen, bør vi kanskje spørje om eksamen er godt nok førebudd på studentane si vidare læring. Dersom me meiner alvor med livslang læring som mål, må vurdering vere noko meir enn ein sertifiseringstradisjon vi held fast ved. Ho må vere eit verktøy som faktisk tener læringa – også etter at studiet er over.

 

Du kan lese eller høyre meir om berekraftig vurdering her:

  • Boud, D. (2000). Sustainable Assessment: Rethinking assessment for the learning society. Studies in Continuing Education, 22(2), 151–167. https://doi.org/10.1080/713695728
  • Boud, D. (2022, 24.januar). David Boud: Purposes of Assessment [Video]. https://www.youtube.com/watch?v=r-RmxgmaxEM
  • Nørsett, B.K. (2025): Berekraftig vurdering i høgare populærmusikkutdanning: Ein studie av vokal vurderingspraksis i eit læringsperspektiv. Doktoravhandling, Universitetet i Agder. https://nva.sikt.no/registration/019a2aaeac87-d719a54e-9405-4e5b-9755-c0cea7a92e03
  • Raaheim, A. (2019): Eksamensrevolusjonen: Råd og tips om eksamen og alternative vurderingsformer (2.utgave). Gyldendal.