Gå til innhold

Vurdering i musikk Vurdering i musikk


Bodil Kvernenes Nørsett

400 21 643
[email protected]

Vurdering som læringsverktøy i høgare populærmusikkutdanning.

 
Mitt PhD-prosjekt søkjer å belyse korleis songstudentar ved 3 ulike høgare populærmusikk-utdanningar i Norden brukar vurderinga av eksamen i hovudinstrument som eit læringsverktøy i det å bli ein utøvande songar.
 
Høgare populærmusikkutdanning er ei relativt fersk institusjonell utdanning, og den engelske forskaren Lucy Green peikar på at det er ei begrensa forståing for læringspraksis innanfor populærmusikken (2001). Vurdering og tilbakemelding er eit effektivt verktøy for læring i utdanningsinstitusjonane våre. Me har vurdering av læring, for læring og som læring. Gjennom ein komparativ case studie vil eg utforske korleis utøvande songstudentar ved høgare populærmusikkutdanningar brukar vurdering som læringsverktøy, og korleis dei brukar tilbakemeldingane dei får på hovudinstrument eksamen i vidare læring.