Gå til innhold
Smak og behag i vurdering av song og kommunikasjon!

Smak og behag i vurdering av song og kommunikasjon!

For dei som ikkje har fått det med seg: Idol-sirkuset i gong. Igjen. Mange har mista interessa for lengst, og personleg kjenner eg at det er meir interessant å fylgje med på programmet The Voice, der eg veit at deltakarane i allefall kan synge før dei stiller på audition.
Når eg likevel finn meg sjølv foran ein skjerm der ein Idol-audition vert avspelt, tek eg meg i å tenke:
Kva gjer eigentleg at eg synest ei vokal framføring er fint eller mindre fint, eller berre ok eller heilt forferdeleg? Når nokon dukkar opp med ei god stemme og genuin formidlingsevne, treng ein ikkje ha studiepoeng for å få frysningar på ryggen! Kva gjer at tårer dukkar opp i augo fordi nokon står rett opp og ned, spelar gitar og syng ein song til fire menneske bak eit bord?
 
idoldommere
 
Hadde eg spurt ein fyrsteårs musikkstudent, hadde denne kanskje sagt ”dette var bra!”. Men kva er bra? Juryen i Idol og The Voice skal vera kvalifiserte og prøver så godt dei kan, spontant å grunngje kvifor dei synest det er fint å høyre på: ”Jeg får frysninger!”, ”du har en helt spesiell klang i stemmen din”, ”du sang deg inn hjertet mitt”, eller ”sånne som deg er grunnen til at jeg sitter her”. Men utanom det å fortsetje å synge, kan songaren lære noko av slike tilbakemeldingar?
 
Preferansane for det me likar ligg djupt festa i vår kultur og vår identitet som menneske. Den franske sosiologen Pierre Bordieu forska på smak og behag i det franske samfunnet på 1960-talet. Han fann samanhangar mellom den sosiale klassen folk tilhøyrte og det dei likte innanfor kunst og kultur, og at folk handlar og tenkjer ut frå sin kulturelle, sosiale og økonomiske kapital. Når me opplever song og musikk, er det altså veldig mange ulike faktorar som slår inn når me vurderer om dette er flott eller fælt. 
 
Kvart år ved skuleslutt står eg ovanfor ei utfordring som liknar juryrolla i desse realityprogramma: eg er medvurderar på vokalstudentane sin konserteksamen i hovudinstrument. Kvart år er sensor ein slags ”dommar”, og kriteria me vurderer etter er ikkje heilt ulike dei som vert uttalt på reality-programma, men våre er fastsette av det høgare utdanningssystemet i Noreg. I tillegg har me musikkfaglege kriterier å ta hensyn til, men vår eigen smak kan og skal me ikkje alltid fylgje i ei slik vurdering.
 
I 2015 forska eg på kva studentane trur dei blir vurdert etter på ein songeksamen. Eg fekk songstudentar og sensorar på høgare musikkutdanning i Agder til å svare i stikkordsform. Kriterier nevnt var mellom anna variasjon, sceneuttrykk, sangteknikk, kroppsspråk, tekst, artikulasjon, formidling. Ordet som vart flest gonger nevnt av både studentar og sensorar, var kommunikasjon. Men kva er så god kommunikasjon innanfor song? Kommunikasjon er kanskje det mest kompliserte me menneske held på med gjennom dagen. Korleis formidle det me faktisk vil formidle? Det er på den eine sida ganske enkelt, og på den andre sida ganske komplisert. Kan me vurdere og måle songleg kommunikasjon? Eg trur det er mogleg, men det er ikkje lett! 
 
Ein utdanningsinstitusjon som Ansgar Høgskole har sjølvsagt mål for læring. Me vil gjerne vurdere ikkje berre oppsummert læring, men også læring som skjer undervegs, og framtidig læring. Studentane skal kunne bruke kunnskapen dei får hjå oss som reiskap til meir læring. Grunnskulane i Noreg har teke tak i dette. Konseptet Vurdering for læring er eit nasjonalt og kommunalt konsept med satsingsområde i grunnskular og vidaregåande skular. Kanskje høgare utdanningsinstitusjonar også skulle vore med i dette prosjektet, for å setje vurdering på dagsordenen?
 
konsert-ansgarskolen
 
Ingen platekontrakt eller pengepremie blir delt ut etter songeksamen på Ansgarskolen. Kun ein karakter som skal slåast saman med mange andre. Like fullt er eksamens-konserten viktig for mange av studentane. Den er endestasjonen på eit forløp som har gått over eit eller to år. Eit forløp med fordjuping, innsikt og vonaleg læring i kva det inneber å vera ein vokalist og artist. Eksamen er eitt av mange læringsmål og ein aldri så liten finale der ein kan vise det ein har øvd på for eit publikum. Ei god og fagleg grunna vurdering av framføringa kan vere ei klapp på skuldra, men også ei oppmuntring til å jobbe konstruktivt vidare.
 
Læring er komplekst. Det bør vurdering også vera. Det er i alle fall ikkje smak og behag!
 
 
IMG_0351.jpeg
Songpedagog og høgskolelektor Bodil Kvernenes Nørsett
Fotos: TV2/Canal Digital og Thomas Vårlid